Gå til innhold

tbt

Apprendista
  • Innholdsteller

    10
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

    Aldri

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutro

Om tbt

  • Rang
    Apprendista

Demografi

  • Kjønn
    Ønsker ikke å oppgi
  1. Problemet er å få setet nok opp i framkant. Det er også omtalt her: http://cuoresportivo.no/index.php?topic=15883.msg159601#msg159601
  2. Eg har vore å kikka på den. Er ein meget pen bil. Fargen ser betre ut i dagslys enn på desse bildene. Litt synd at den ikkje har elektrisk tilting av setet. Då blir det lettare å finne ei god sittestilling. Elles fant eg ingenting negativt. Men det var altså kun ein visuell inspeksjon, og ingen prøvekøyring. tbt
  3. Så over til noko heilt anna igjen: rust på kanalskøyten under bakdøra. Eg ser at det er veldig stor forskjell på kor langt denne rusten har komme. På bilar med lik kilometer og årgang kan det variere frå heilt feilfritt til relativt stor rustflekk. Varierer kvaliteten mykje frå bil til bil på 166? Eller er det eit teikn på at bilen er hardt køyrt med mykje sprut frå framhjula? Finst det ein gummipropp el.l. som ein kan ta av for å kikke inn i kanalane på 166 for å sjå om det er rust der?
  4. 166 V6 turbo har et dreiemoment på 279,5 ved 2500 o/min såvidt jeg husker. Det er 2.0 ts du har sammenlignet Citroen`n din med. Ja, og det er bevisst sidan det er den eg har prøvekøyrt og som også er mest aktuell ut frå det utvalet som finst av slike bilar her til lands. Men 279,5 ved 2500 o/min er jo meget bra! Takkar forøvrig Alfaweie for gode tips. Eg har nok ikkje tenkt så mykje i retning av diesel, men det er nok ikkje så dumt. Torbjørn
  5. Ja, den turboen har nok mange gode eigenskapar. Synd at Alfa med turbo ikkje er meir vanleg. Eg har 12 år gammal Citroën i dag, med 2,0 turbo. Den har like mange hk som 166 2,0, men dreiemoment på 235 nm (mot 166s 181 nm) som er på topp frå ca 2200 til 4200 o/min (såvidt eg hugsar). Dermed blir bilen meir køyrbar ved normalt turtal. Det er jo ikkje akkurat berre til å velge og vrake blant 166 turbo-eksemplar på finn.no. Forsåvidt gjeld det også 166 generelt. For den som vil ha Passat, Mondeo, Audi etc, kan ein velge mellom godt over 1000 eksemplar. Då kan ein få akkurat den km stand, motor, farge, interiør, tilstand etc som ein vil. For 166 må ein kompromisse meir pga dårleg utval. Iallefall når ein også må ta hensyn til prisfaktoren. Og import ser ikkje ut til å vere særleg god butikk heller. Torbjørn
  6. Eg har køyrt 2,5 med automat, og 2,0 med både 5 og 6 gir. Ingen tvil om at bilen er god å køyre. Eg syns også at automaten var betre enn mange vil ha det til. Den fungerte heilt greit, og den manuelle sjaltefunksjonen var også grei å bruke. Men eg er usikker på om ein får nok igjen i form av ekstra krefter ved å gå opp frå 2.0 til 2,5 (automat). Og då særleg mtp høgare innkjøpspris, bensinforbruk og vedlikehaldskostnader. I tillegg virka 2,0 betre balansert, mindre framtung. Men lyden av V6 er jo grom! Det som skuffa meg mest var at ein av bilane slo nedpå både framme og bak over ein fartshump (nei, eg køyrte ikkje unormalt fort). Var nok fjæringa som slo i botn, og ikkje bilen som slo nedi vegen. Slitte støtdemparar alt etter 60 000 km? Eg kunne nok også ønska meg større dreiemoment på lave turtall. Det er der ein treng kreftene ved dagleg normal køyring. Eg er også litt opptatt av at motorane ikkje skal ha for høgt turtal ved normal landevegsfart, sidan det blir for masete å sitte å høyre på. 2,5 automat hadde 2000 o/min i 80 km/t, og det er godkjent. 2,0 5 gir hadde ca 2300 o/min, og det er litt i overkant. På den 6 girs fungerte ikkje turtellaren så der veit eg ikkje, men den er kanskje ned mot 2000? Det som appellerer mest til meg ved 166 er nok designet, både inn- og utvendig. Og då spesielt med den første fronten. Den andre fronten er uaktuell. Og bilen kler best ein mørk farge. Nero vulcano eller ein av dei mørke blåfargane, med det beige interiøret. Eg har for øvrig god tid, og vurderer også andre merke. Torbjørn
  7. Dette er nok den verste kritikken av 166 som eg har lest. Spesielt ille er det at den reelle motoreffekten er så mykje svakare enn oppgitt. Må jo vere nok ein grunn for å kjøpe 2,0 framfor V6. Torbjørn http://www.autospeed.com/cms/A_0774/article.html
  8. Litt rosa preg på den, ja. Og ingen emblem bakpå. Kan kanskje tyde på at den har blitt omlakkert? Ser at det også er andre på Finn som manglar emblem bakpå. Kanskje det er vanleg... Torbjørn
  9. Mange takk for svar på spørsmåla mine om kjøp av brukt 166. Eg forstår det vel eigentleg slik at det bortsett frå kanalskøytane ikkje er bestemte rustfeller som ein må sjekke på desse bilane. Heller ikkje at dei aller første årgangane er spesielt svakare enn dei seinare. Begge deler er jo veldig bra. Ikkje minst for meg som er vant med Citroën! Elles så ser eg at det blir litt uoversiktleg med ein så lang tråd som Den store 166 tråden har blitt. Kanskje det hadde blitt lettare å finne fram om forumet hadde eigne modellavdelingar? Torbjørn
  10. Hei! Eg er ny på forumet her. Er litt usikker på om eg bør starte ein eigen tråd for dette, men tar sjansen på at det passar inn på Den store 166 tråden. Eg har hatt Citroën i over 10 år men aldri Alfa Romeo. No vurderer eg å bytte bil, og har fått litt interesse for 166. Eg har surfa litt rundt inne på forumet her etter informasjon om 166, og begynner å få litt oversikt over sterke og svake sider for denne modellen. Håper å få hjelp til eit par ting som eg ikkje heilt har fått oversikt over. 1. Kvar skal eg sjå etter rust? Har lest om rust i vindusgummilist og på kanalskøyten (utvendig). Ser også at Alfakrøll fekk fiksa rust på sin i samband med lakkering, men det står ikkje kvar det var rust. Mi erfaring med galvanisering er at den held rusten unna omtrent så lenge som garantien varer (8 år?). Når bilane er så gamle som dei eldste 166 er no, så rustar det galvaniserte nesten like godt som vanleg stål. Unntaket er hvis bilen har fått antirustbehandling, men det er vel fint lite med denslags inni kanalar og andre holrom på 166. 2. Korleis er slitestyrken? Bør ein unngå 166 som har gått langt? I så fall kor langt? Eg tenker då bl a på slitestyrken på motor (spesielt TS), interiør (spesielt velour) og elles det som skal til for at bilen skal kjennast tight og fin? 3. Endra motor (TS) og seks gir kom vel på 2001-modellen. Er den 6-girs mykje betre enn den 5-girs? Var det også andre ting som blei endra då som er vesentleg å få med seg? Er det spesielle barnesjukdommar på 1999-2000 som gjer at ein bør unngå dei modellane? mvh Torbjørn (tbt)
×
×
  • Opprett ny...